Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

eDialog

Seljord kommune har teke i bruk eDialog. Med eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.
Du kan nytte eDialog når du skal sende noko til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt. Du skal ikkje bruke eDialog dersom Seljord kommune har elektroniske skjema til formålet, til dømes søknad om plass i barnehage og SFO, søknad om ulike tilskot, søknad på ledig stilling o.l

Fordelane med eDialog:

  • Du sender informasjon gjennom ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Innsendt informasjon blir sendt rett inn i saks-/arkivsystemet.

ID-porten:

For å bruke tenesta må du logge deg på / autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID, bankID på mobil, minID osv.)

Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar inn eventuelle vedlegg i form av pdf-filer. Obligatorisk felt som må fyllast ut, er merkt med * I tittelfeltet er det fint om du oppgir saksnummeret ditt hvis du sender oss noko i samband med ei eksisterande sak, til dømes 2016/1310.

Her finn du eDialog

Her finn du lenke til Mineiendom

Her finn du lenke til våre elektroniske skjema 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk