Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

ID258 Sommarvikarar Helse og omsorg. Frist 25.5.19

Gull og grøne skogar har vi nok av, men vi manglar DEG som vil vere sommarvikar hos oss!
Seljord kommune søkjer etter sjukepleiarar, vernepleiarar, sjukepleiarstudentar, vernepleiarstudentar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, heimehjelperar, assistentar.
Aktuelle arbeidsstader er Nesbukti pleie- og omsorgssenter, tenester for funksjonshemma, legevakt, helsesenter, heimesjukepleia, heimehjelp, psykisk helse, Nestunet og Steinmoen bu- og servicesenter.

Hovudferieavviklinga vert frå veke 26 til og med 32. Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. For sommarjobb på turnusarbeidsplassar er det arbeid annakvar helg. 

Søkarar må vere fylt 18 år. For å vikariere i heimetenesta og i bustad for funksjonshemma, må søkarane ha sertifikat.  Det blir stilt krav om helsefagleg utdanning for å arbeide i heimesjukepleie og legevaktteneste. 

Generelt
Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstjenestelova § 5-4. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader når arbeidet tek til. 

Vi tilbyr 

  • Hjelp til bustad, ved behov
  • Lønnskompensasjon for dokumenterte, relevante studieår
  • Verdifull arbeidserfaring 
  • Spennende arbeidsoppgaver i godt arbeidsmiljø
  • Relevant praksis 

Løna fylgjer Hovudtariffavtala for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innanfor relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studieår.
Satsane gjeld frå 1.5.2018, og vil bli oppdaterte: 

  • Etter 1. studieår: 319 000 kr i årsløn 
  • Etter 2. studieår: 339 000 kr i årsløn 
  • Etter 3. studieår: 359 000 kr i årsløn 

I søknaden må du oppgje ditt telefonnummer og kva for arbeidsplass du søkjer. Dersom fleire arbeidsstader er aktuelle, må prioriteringa di koma fram. 

Søk elektronisk via elektronisk skjema. Søknadsfrist 25.05.2019.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk