Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Barnehagesektoren i Seljord på 14.plass i Kommunebarometeret 2017

Seljord kommune er i toppsjiktet innanfor barnehage i Kommunebarometeret som Kommunal Rapport nyleg har lagt ut. Barnehagesektoren kjem på 14.plass i rangeringa som Kommunal Rapport gir ut kvart år. Rangeringa baserer seg på offentlege data. Kommunen ligg på Topp 100-lista når det gjeld grunnskule, kultur, sosialteneste, sakshandsaming og helse.

Barnehagane i Seljord skårar høgt på at vi har full barnehagedekning, det betyr at alle barn med rett på plass får plass i barnehage. 55 % av personalet har pedagogisk utdanning, medan landsgjennomsnittet ligg på 38 %.

88% av barna med minoritetsbakgrunn går i barnehage, snittet for landet elles er 76 %.

Du kan lese førebels utgåve av rapporten Kommunebarometeret 2017 her

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk