Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 12.10.2017Kontaktavdeling: Kultur og næring Kontaktperson: Frid Berge

Kunngjering om tomter i Tømmeråsen felt 3

Seljord kommune ynskjer å endre prinsipp: kommunen ynskjer ikkje lenger å vere restriktiv til sal av fleire tomter til bygging av eit hus samt endring av tomtestorleik, når det gjeld dei kommunale tomter i Tømmeråsen felt 3.
Det blei i møte i plan, miljø og teknisk utval den 11.10, sak 39/17 fatta fylgjande vedtak: "Plan, miljø og teknisk utval opnar for dispensasjon av regulerte tomtegrenser i Tømmeråsen felt 3, med hensikt i å oppnå større attraktivitet på sal. Utvalet legg vidare som prinsipp ein frist på 3 mnd. for å effektuere tomtekjøpet".

I prinsippet betyr det at ein no kan søkje om kjøp av to tomter for å bygge ein bustad, eventuelt tilleggsareal dersom mogleg.
Det blir kunngjort at administrasjonen tek imot søknader fortløpande. Det er likevel satt ein frist fram til fredag 23.10.17 for å søkje om kjøp av tomt/er for dei som allereie har meldt si interesse. Dersom fleire ynskjer same tomt/er etter at fristen har gått ut, blir det loddtrekning mellom interessentane.

Helsing

Frid E. Berge
Kommunalsjef plan, utvikling og tekniske tenester
Seljord kommune

E-post: frid.berge@seljord.kommune.no

Telefon: 35 06 51 52 / 48224469  



  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk