Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 09.01.2018Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Egil Birkrem

Ny føresegn for renovasjon og slam

Kommunestyret i Seljord kommune vedtok 14.12.2017 ny forskrift for innsamling og handsaming av hushaldsavfall, tøming av slamavskiljarar, privet, tette tankar mv. og for avfallsgebyr for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje, Telemark.

Det vil frå 01.01.2018 føre til at gebyra for renovasjon blir endra.

Gebyra for hushaldsavfall frå bustadar og hytter/fritidsbustadar blir like.

For fastbuande blir det høve til å søke om redusert avgift for heimekompostering og miniabonnement (berre ein person i hushaldet), slik det tidlegare har vore.
Det blir høve til å søke om fritak for renovasjonsordninga når: 

  • eigedomen ikkje er i bruk eigedomen
  • ligg meir enn 2 km frå køyrbar heilårsveg.
  • bustadeigedomar som er fråflytta seks – 6 månadar eller meir og ikkje blir nytta som fritidshusvære, kan etter søknad få tidsavgrensa fritak i to – 2 år.

Tidlegare ordning for fastbuande med redusert standardabonnement for eigedomar som må bringe avfall meir enn 500 m i køyreavstand til køyreruta til renovatørane, utgår. Unntaket for renovasjonsordning for skogshusvære og stølsbuer som berre vert nytta til føremålet dei er bygd for, utgår. Hytter og fritidshus har tidlegare fått redusert avgift dersom abonnenten må køyre ein omveg på meir enn 500 m til hyttecontainerplass. Denne ordninga utgår også.

For slamtøming er det ikkje innført endringar som påverkar gebyrnivået utover løns- og prisstigning og naudsynt justering av gebyrnivået i samsvar med sjølvkostprinsippet for tenesta. Nytt i føresegna er: Vegstandarden til private avløpsanlegg som slamavskiljar, septiktankar og tette tankar skal minst halde vegstandar "skogsbilveg kl. 3", heilårs landbruksveg. Alle slamavskiljarar skal tømast med avvatningsbil og tette tankar med sugebil.

Du finn forskrifta på nettsida vår under Renovasjon, vatn og avløp


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk