Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 15.01.2018Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ronde Schade

5 dagars skule

Kommunestyret fatta dette vedtaket 14. desember 2017:
"Kommunestyret ynskjer å halde fast på opprinneleg tiltak i post 2.1.2.5 i handlingsprogrammet om «Innføring av fem dagar skule for alle elevar frå hausten 2018».
Kommunestyre ber rådmannen sette i gang prosessen med å forankre dette hos foreldra. Kommunestyre ber om å få saka tilbake for endeleg handsaming når prosessen er gjennomført."

Ap , H og KrF sitt forslag vart vedteke mot rådmannen sin tilråding med 13 mot 8 stemmar (MpG, V, Sp)

Vedtaket i kommunestyret inneber at elevane i 1.-4.klasse skal ha fem dagar skule frå hausten 2018. Timetalet vil fortsatt vere som i dag, 24 timar, men truleg fordelt på tre korte dagar med 4 timar (måndag-onsdag-fredag) og 2 lengre dagar med 6 timar(tysdag-torsdag).

Rektorane og underteikna har starta arbeidet med å vurdere korleis den nye skuleveka kan bli organisert og korleis dette vil påverke SFO-tilbodet, skyss, m.m. Dette arbeidet er forventa ferdig i løpet av februar 2018.

Søknadsfrist til SFO er som vanleg 1. april 2018. Søknadsskjema vil bli endra når vi veit korleis det nye opplegget blir.

Meir informasjon om den nye skuleveka for 1-4. klasse vil bli lagt ut på heimesida vår etter kvart.

Foreldreutvala blir orientert om endringane i møte 10.1. og 16.1.2018.


Med venleg helsing Ronde Schade, Kommunalsjef

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk