Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 06.06.2018Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Egil Birkrem

Støving i samband med arbeid på Nestunet i Nesvegen 7

Det går framover med byggearbeidet i Nesvegen 7, Bukollektiv og dagaktivitetssenter,Nestunet. I samband med etablering av energiløysinga for bygget, vannbåren golvvarme med utvinning av varme frå grunnvatn, må det etablerast ein grunnvassbrønn/energibrønn nært opptil nybygget.

Arbeidet vil starte med tilrigging og klargjering av utstyr, d.v.s borerigg.

Boringa vil starte måndag 11. juni og vil truleg vere ferdig i løpet av tysdag 12. , ikkje 7. og 8.juini som tidlegare sagt. Boringa vil skje ved nordhjørnet av bygget, i enden av langveggen langs Nesvegen.       Arbeidet vil medføre noko støy og vi forventar ein del støv frå boringa. Boreentreprenøren skal bruke vatn til å dempe støvproduksjonen, men noko støving vil det medføre.  

Vi oppmodar alle som bur på Moen og nært opp til Nesvegen 7 at de let att vindaugo, dører og luftespalter når dette arbeidet blir utført.                                                                

Vi håpar på forståing for eventuelle problem dette medfører.

Helsing Teknisk avdeling

Illustrasjonsteikning av Nestunet Nesvegen 7Illustrasjonsteikning av Nestunet, Nesvegen 7.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk