Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Deler du brønn med naboen?

No skal alle små vassforsyningssystem registrerast.
Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hos Mattilsynet. Dette gjeld og dei som er små, for eksempel ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn.

Meir informasjon og lenke til registreringsskjemaet, finn ein på Mattilsynets nettsider     

Registreringa kan gjerast enkelt frå mobiltelefonen. Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til føremålet. I skjemaet registrerer du plasseringa av vassforsyningssystemet ved å markere staden  i eit kart, og det er berre nokre få tilleggsspørsmål ein skal svara på.    

Det er mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet. Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i arbeidet vårt. Ei slik oversikt kan for eksempel vere uunnverleg når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikten gjer det mogleg for oss på eit tidleg tidspunkt, å ta omsyn til og vurdere drikkevasskjeldene.  

Drikkevatnet skal vere trygt – og frå små vassforsyningssystem. I januar 2017 kom ei ny drikkevassforskrift som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere  registrert, står i drikkevassforskrifta § 17.

Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er, kan du lese i drikkevassforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei  minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem.    

Har du spørsmål til registreringa? Ta kontakt med sentralbordet til Mattilsynet på tlf 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk