Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Arbeid med nye heimesider

Alle kommunane i Vest-Telemark arbeider for tida med å få på plass nye heimesider. Kommunane kjem til å opne dei nye sidene litt ulikt, men i løpet av august - september vil dei fleste ha opna. Sidan Seljord kommune er i gang med ei stor omorganisering, vil det vere mange endringar i organisasjonen no i august. Då det er ein del arbeid med omlegging av kommunale heimesider, vil det vere mykje informasjon på dei gamle sidene våre som ikkje lenger vil stemmme. Vi ynskjer difor å opne så fort som mogleg, men då kan det vere ein del som ikkje er heilt på plass.

Vi ber om forståing for ikkje alt er oppdatert på dei gamle sidene, og håpar publikum vil vere litt tålmodige når dei nye sidene opnar.

Ta kontakt med kommunen ved sentralbordet, webredaksjonen eller ved aktuell saksbehandlarar viss det er noko du ikkje finn.

Vi håpar at de vil bli nøgde med dei nye heimesidene, men av erfaring vil det alltid vere ein ny form for side å setje seg inn i. 



  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk