Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Røyste heime

Måndag 9. september (i Seljord også søndag 8. september) er det kommunestyre- og fylkestingsval.

Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg.Det er ikkje nødvendig å søkje viss du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting. I førespurnaden må du oppgi fullt namn, fødselsdata og -år og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet. Du må óg oppgi eit telefonnummer som vi kan nå deg på. Ta kontakt med kommunen viss du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å søkje om å få røyste heime.

Fristen for å søkje er 3.-6. september, etter avtale. Send søknaden til Valstyret i Seljord kommune. Adresse: Brøløsvegen 13 a, 3840 Seljord eller e-post post@seljord.kommune.no, telefon 35 06 51 00.

Meir informasjon om valet.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk