Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 28.08.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Barnehageopptak og betaling

Søknadsfrist for hovudopptaket er 1. mars.

Barn som har fått plass i barnehagen, har denne fram til skulestart.
Nye plassar og endring av plass ved hovudopptaket gjeld frå skulestart i august. Vi tek ikkje opp nye barn etter 1.mai.
Etteropptak blir gjennomført viss det er ledig kapasitet i barnehagane, og viss det blir frigjort plassar i løpet av barnehageåret. Søkarar som kjem inn etter hovudopptaket får tilbod om å stå på søkarliste viss det ikkje er kapasitet til nye opptak.

Ved hovudopptaker gir kommunen primært berre plass til barn som har rett til barnehageplass etter barnehagelova, det betyr dei barna som har fyllt eit år innan utgangen av november, eller har rett til plass etter lov om barnevernstenester eller har nedsett funksjonsevne.

Vi oppfordrar likevel til å søke om plass og bli sett på søkarliste sjølv om du ikkje kjem innanfor retten til barnehageplass. På den måten har vi oversikt over behovet, og kan fortløpande ta opp etter søkarlista viss det blir frigjort plassar.

Det er ein månads oppseiingsfrist.

Du vil berre kunne bruke elektroniske søknadsskjema for søknad om ny plass, endring av plass, overføring til annan barnehage og oppseiing. Viss du treng hjelp til å søke elektronisk, kan du få hjelp i barnehagen eller på kommunehuset.

Dette skuldast overgang til nytt barnehageadministrativt system.

Betaling for barnehageplass pr. 1.8.2017:

  • Ordning med gratis kjernetid på 20 t/veka for 3-, 4- og 5-åringar frå familiar med inntekt under kr 450.000,- etter søknad, sjå Skjema (frå 1.8.17). 
  • Alle med samla brutto inntekt under kr 500.500,- har rett på redusert foreldrebetaling etter søknad
  • Søskenmoderasjon for søsken nr. 1: 30 %.
  • Søskenmoderasjon for søsken nr 2 el. fleire: 50%
  • Alle andre betaler makspris. Denne blir regulert av Stortinget i samband med statsbudsjettet. Pr. 1.1.2017: 2.730,- for 5 dagars plass
  • Søknad må sendast inn kvart år, frist er 1.august.
  • Viss ikkje søknad om redusert barnehagebetaling/gratis kjernetid er sendt inn innan fristen, vil ein måtte betale full pris inntil månaden etter at søknad er sendt inn.
  • Det er mogleg å søke om redusert betaling undervegs i barnehageåret ved endring i inntekt eller andre endringar i livssituasjon. Eventuell endring i betaling vil då gjelde frå 1. i neste månad.

Du kan lese meir om barnehagebetaling under Avgifter og gebyr - Barnehageplass 

Søknadsskjema for å søæke om redusert betaling/gratis kjernetid finn du under Skjema - Søknadsskjema 

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet, UDIR, om barnehagesatsar og moderasjonsordningar

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk