Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Veiledning i barnehage

KS og Kunnskapsdepartementet har inngått ei avtale om å arbeide målretta for at nyutdanna pedagogar i barnehage og skule skal få tilbod om veiledning, gjeldande frå 2011-2012.
I Vest-Telemark er det sett saman eit vegleiarteam på fem personar som utfører oppdraget om veiledning for nyutdanna i barnehage.

Vegleiingsteamet i Vest-Telemark (VTV) jobbar på oppdrag frå Barnehageforum. Barnehageforum er samansett av representantar frå dei ulike kommunane og samarbeider om utvikling av barnehagane i regionen.  

Barnehageeigar har hovudansvaret for å gje nyutdanna barnehagelærarar vegleiing og oppfølging.

I Vest-Telemark gjeld tilbodet over 2 år for dei nyutdanna og nytilsette i barnehagane.

Styrar har det daglege ansvaret for at nytilsette nyutdanna barnehagelærarar i eigen barnehage får rettleiing. Vegleiinga skal gjennomførast i arbeidstida.    

Vegleiinga ut over det daglege rettleiingsarbeidet skal utførast av ein erfaren og kvalifisert vegleiiar. Det er viktig med kvalitet i vegleiinga, og at ordninga sikrar systematisk vegleiing basert på dei nyutdanna sine behov. Vegleiinga skal støtte opp om den nyutdanna sin personlege, sosiale og profesjonelle utvikling som barnehaglærar.

Vi har vald å bruke omgrepet vegleiing  då vi meiner at det ligg meir systematisk utviklingsarbeid i dette enn i omgrepet rettleiing. Veiledning er og tittelen på utdanninga som høgskulen gir.

Vegleiing av nyutdanna kan bidra til å: 

  • sikre ein god overgang mellom utdanning og yrke
  • stimulere til refleksjon og sjølvutvikling
  • Bevisstgjere den nyutdanna i forhold til eigen ståstad, eigne målsettingar og gje støtte til å finne handlingsalternativ som byggjer på den nyutdanna sine visjonar
  • auke kvaliteten i barnehagen
  • utvikle barnehagen som organisasjon 
  • utvikle vegleiarkompetanse i eigen organisasjon 
  • bidra til å rekruttere, utvikle og behalde dyktige barnehagelærarar

Vi har laga ei eiga brosjyre om tilbodet, brosjyra finn du her

Barnehageleik
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk