Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Serviceerklæring Barnevernet

Informasjon om Barnevernet sine oppgåver og målgruppe

Målgruppe:
Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark yter tenestar til barn og unge i alderen 0 – 18år og familiane deira.
Når ungdom samtykker kan tiltak som er sett i verk før fylte 18, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år. 

Barneverntenesta sitt føremål er:
Å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid og trygge oppvekstvilkår. 

Kriter/vilkår:
Ynskjer du råd og veiledning eller andre former for hjelpetiltak, kan du kontakte oss for å få ei avtale. 
Dersom barneverntenesta får ei bekymringsmelding om barnet ditt eller deg som ungdom, vil denne meldinga bli gått gjennom innan ei veke. 
Dersom meldinga fører til vidare undersøking, vil denne skje i eit samarbeid med deg som forelder/føresett og barnet/barna dykkar.
Undersøkinga kan vare frå 1 – 3 månader, i særskilde høve kan den utvidast til 6 månader. Undersøkinga vil omfatte møter/samtaler/heimebesøk med dei som er omfatta av undersøkinga og innhenting av informasjon.
Føremålet med undersøkinga er å finne ut om det er behov for hjelp eller støtte frå barneverntenesta.  Tiltak som blir sett i gang skjer så langt som mogleg i samarbeid med familien.

Tiltak frå barneverntenesta:
Tiltaka er avhengig av kva behov barnet ditt har. Nokre gonger er det behov for at barnet flyttar ut av heimen. Dette kan skje ved at foreldra er enige i plasseringa eller ved tvang. Barneverntenesta vil fylgje opp både barn og familie etter ei plassering. 

Tiltak kan vera:

  • råd og veiledning- støttekontakt
  • miljøarbeidar/heimekonsulent
  • besøksheim - plass i barnehage/SFO
  • ansvarsgrupper
  • økonomisk stønad
  • foreldreveiledningsprogram som PMTO, Marte Meo m.m. 
  • fosterheim eller institusjonsplass
  • opphald på institusjon for foreldre og barn 

Gjeldande regelverk: Lov om barneverntjenester 

Sakshandsaming:

  • 1.kontakt skjer ved at barneverntenesta får ei bekymringsmelding eller søknad om hjelp eller støttetiltak.
  • Undersøking
  • Vedtak og tiltaksplan 
  • Iverksetting av tiltak
  • Evaluering

Klage: Alle vedtak fatta av barneverntenesta kan påklagast.

  • Frivillige hjelpetiltak kan påklagast til fylkesmannen innan 3 veker
  • Akuttvedtak/vedtak om flytting av barn kan påklagast til Fylkesnemnda innan 3 veker
  • Tvangsvedtak fatta av Fylkesnemnda kan bringast inn for Tingretten til rettsleg overprøving innan 2 månader.
  • Dersom du ynskjer å klage kan du få hjelp/veiledning av sakshandsamar til korleis du skal gå fram i høve til dette. 

Vi lovar:

  • at du blir høyrt, tatt på alvor og møtt med respekt
  • at teieplikta vert halden
  • at du får den informasjonen du har krav på i saka di
  • at alle meldingar blir handsama innan ei veke
  • at du vil kunne få råd og veiledning ved behov i høve til problemstillingar som gjeld barnet ditt, ungdomen din og familiesituasjonen
  • at me vil freiste å finne best mogleg løysing for deg og familien din
  • at me vil hjelpe deg å få kontakt med andre instansar dersom me ikkje kan hjelpe deg
  • at alle søknader om hjelpetiltak vil bli handsama innan 3 månader
  • at det blir oppnemnt ein eigen sakshandsamar i undersøkingssaker og tiltak
  • at me vil freiste å finne så gode tiltak som råd for barnet/ungdommen utanfor familien når det er til barnets/ungdommens beste

For at vi skal kunne oppfylle dette:

  • må du gje oss alle opplysningar som har betyding for saka
  • må du samarbeide for å få til best mogleg løysing for barnet ditt
  • må du seia ifrå dersom det er noko du ikkje forstår, eller er ueinig med barneverntenesta i
  • må du vise respekt for dei tilsette i barnevernet
  • må du gje beskjed viss du er forhindra frå å møte til avtalt tid 

 

Tenesta omfattar ikkje:

Råd og veiledning eller tiltak der ungdomen har fylt 18 år ved førstegongskontakt. 

Praktiske opplysningar:

  • Barneverntenesta samarbeider med andre som kjenner barnet ditt, for eksempel skule, barnehage, helsestasjon.
  • Barn og unge skal alltid høyrast i ei barnevernsak.
  • Barneverntenesta har teieplikt.
  • Alle som er bekymra for eit barn eller ein ungdom kan ta kontakt med barneverntenesta. Det kan skje pr. telefon, skriftleg eller ved personleg oppmøte.

 

Opningstid: Måndag til fredag mellom 08.00 – 15.00
Ved akutt behov utanom arbeidstid og i helger kan de kontakte barnevernvakta i Grenland tlf 90 05 33 04

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk