Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 23.11.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Egil Birkrem

Brannvern og feiing

Den som eig eit byggverk skal sørgje for nødvendige sikringstiltak for å førebyggje og avgrense brann, eksplosjon eller annan ulukke. I tillegg til eigaren har òg brukarane plikt til å sørgje for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksinnretningar i forsvarleg stand.

Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalla særskilte brannobjekt. Dette er byggverk der brann kan føre til tap av mange liv eller store skadar på helse, miljø eller materielle verdiar.

Det blir òg stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt.
Tilsynsfrekvensen er: 

  • Bygningar og område der brann kan føre til tap av mange liv – minst éin gong kvart år 
  • Bygningar, anlegg og liknande som representerer ein særleg brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst éin gong kvart år
  • Viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst éin gong kvart fjerde år

Kommunen seier oftast ifrå om tilsynet på førehand, men kan òg gjennomføre tilsynet utan førehandsvarsel.

Brannvesenet vurderer da alle forhold som har noko å seie for branntryggleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak.
Dersom ein meiner at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmiddel.

Brannvern og feiing ligg under Vest-Telemark brannvesen.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk