Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 04.12.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Bjørn Arild Hagen

Adresser

Offisielle adresser/gateadresser i Seljord kommune.

Hovudformålet med å ha offisielle adresser, kombinert med skilting og kartfesting, er å gjere det praktisk mogleg å finne fram til eigedommar og personar eller aktivitetar knytt til desse.

Ei eintydig og presis offisiell adresse er viktig for besøkande, drosjer, elverk, postverk, televerk, varetransport, brannvesen, politi og sjuketransport. Det er opp til innbyggjarane å ta i bruk den tildelte adressa.

Det er viktig å sette opp nummerskilta på ein godt synleg plass. I tråd med dei føresegnene som er utarbeida for husnummerskilt, pliktar huseigar å sette opp skilta i tråd med gjeldande vedtekne reglar.  jfr. plan- og bygningslovas §105 og 112.

Sjekk at du er registrert med rett adresse i folkeregisteret.  Har ein feil adresse i folkeregisteret må ein få retta dette opp så snart som råd.  All flytting frå ei adresse til ei anna skal meldast til folkeregisteret, sjølv innafor kommunen.

Send adressendring til Skatt sør, pb. 2412, 3104 Tønsberg.  Spørsmål må ein rette til folkeregisteret på tlf: 80080000 (gratis)































































































  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk