Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kjøp av kommunale tilleggsareal

Retningsliner for sal av kommunal grunn vedtekne i kommunestyret 14.02. 2013: 

  • Pris for kjøp av tilleggsareal til bustadtomter i Seljord sentrum m/byggjefelta er 100 kr,- pr. kvm.
  • Pris for kjøp av tilleggsareal til bustadtomter i Flatdal og Åmotsdal er 50 kr,- pr.kvm.
  • Tomteareal under 500 kvm. vert rekna som tilleggsareal. Omkostningar med tinglysning og oppmålingsgebyr kjem i tillegg.

Søknad om kjøp av tilleggsareal frå kommunen sender du til Seljord kommune, Teknisk avdeling.

Søknaden må innehalde grunngjeving for kvifor ein ynskjer å kjøpe og eit kart over området.

Det er formannskapet som handsamar sal av kommunale tilleggsareal. Når saka er godkjent i formannskapet og kjøpar har takka ja til tilbodet vert saka sendt vidare til oppmålingsansvarleg, enten som ein søknad om arealoverføring eller som ei grensejusteringssak.      

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk