Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 07.12.2015Kontaktavdeling: Teknisk avdeling Kontaktperson: Bjørn Arild Hagen

Tinglysing og skøyte

Kommunen får stadig spørsmål kva som skal gjerast etter at målebrevet er tinglyst. Korleis skal ein få overdrege eigedommen til kjøparen, kvar kan eg få tak i skøyte osv. Det som er klart er at dette er ei privatrettsleg oppgåve mellom kjøpar og seljar og som kommunen ikkje har noko arbeidsoppgåver relatert til. Er det spørsmål ein lurar på kring det å skrive skøyte og om kva dette bør innehalde, kan ein ta kontakt med Tinglysningskontoret. Der er det også tilgang til elektroniske skøyte ein kan laste ned.

Framgangsmåte ved tinglysning av skøyte.
Grunneigar utstedar skøyte i to eksemplar i kjøparen sitt namn. Dette skal vidare leverast tinglysingskontoret for tinglysning og i samband med dette må ein betale eit tinglysnings-gebyr og ei dokumentavgift. Alt etter konsesjonsstatusen på den fråskilde parsellen må det saman med skøyte også leverast dokumentasjon  ang. forholdet kring konsesjon. Der overtakinga er fritatt for konsesjonsbehandling må ein levere eigenfråsegn om konsesjons-fritak. Dette skjemaet må vere fylt ut både av kjøpar og seljar og i tillegg vere stadfesta av kommunen.

Samanslåing av eigedomar
Der ein eigedom består av fleire parsellar med eige gnr/bnr bør ein prøve å samanføye desse til eit register- nummer. Dette er gratis og ein vil få ein betre oversikt ved evnt. salg og overtaking av eigedommar. Det er ein fare t.d å utegløyme tilleggsareal ved sal, samstundes som det kan vera uoversiktleg i høve til pantehavarar  og andre tinglyste hefte på eigedommen.

 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk