Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Legeattest ved skulefråvær i vidaregåande skule

Frå 1.august 2016 er det nye reglar for fråvær i vidaregåande skule. Hovudregelen er at eleven ikkje har rett på vurdering i eit fag der udokumentert fråvær er meir enn 10% i løpet av skuleåret. Ved særlege høve kan rektor skjønnsmessig godta opp til 15% udokumentert fråvær. Dette får konsekvensar for praksis ved legekontora. Under finn du oversikt over den praksisen Seljord legekontor fylgjer.

Du kan lese meir om reglane for fråvær på nettsida til Ung i skolen: her  

Reglane er omdiskuterte og praksisen for attestskriving varierer mykje frå legekontor til legekontor. Dette vil nok gå seg til, og truleg kjem det tydelegere rettleiing frå styresmaktene både til skule- og helsesektoren om korleis regelverket skal handhevast.  

Nedanfor finn du ei kort utgreiing om den praksisen legekontoret i Seljord fylgjer i høve til legeattestar for sjukdomsfråvær:

  1. Ein attest frå lege er eit formelt dokument som seier at legen har vurdert på fagleg grunnlag at du ikkje kan eller bør møte på skulen av helsemessige grunnar. Som pasient har du ikkje "rett" på ein legeattest sjølv om du kontaktar lege. Legar skal og kan ikkje skrive attestar som er eit reint referat av det du eller dine føresette seier til legen.
  2. Legane i Seljord skriv normalt ikkje attest for kortvarig sjukefråvær for vanlege helseproblem - til dømes omgangssjuke, forkjølelse eller menstruasjonssmerter. Dei 10% fråvær som du kan ha utan dokumentasjon er å samanlikne med eigenmelding i arbeidslivet. Ein god regel er å møte på skulen dersom du kan, også på ein dårleg dag og dersom du ikkje er veldig sjuk eller har sjukdom som er svært smittsam (til dømes omgangssjuke). Mykje går betre når ein er i gang med dagen.
  3. Dersom du kjem over 10% fråvær i eit einskild fag utan at du eigentleg er mykje borte totalt, bør du ta problemet opp med skulen og sjå om det kan løysast der. Blir fråveret ditt meir enn 10% totalt, altså meir enn 18 dagar i eit skuleår, har du truleg eit problem som bør takast opp med lege uansett. Då bør du bestille ein time hjå fastlegen din.
  4. Dersom du blir så sjuk at du treng vurdering og behandling av lege, vil du sjølvsagt bli prioritert på same vis som andre pasientar. Du vil og få attest til skulen for slikt fråvær så lenge det er naudsynt. Eit legekontor skal yte legetenester til alle, og ta omsyn til dei som treng legehjelp mest. Det tyder at me ikkje kan eller vil gje legetimer raskt til elevar fordi dei treng ein attest, men eigentleg ikkje treng lege av medisinske grunnar.
  5. Viss du har ein kronisk sjukdom som gjer at du i utgangspunktet må rekne med å ha meir fråvær enn det som kjem inn i dei 10%, kan du få ein attest som rektor kan ta omsyn til ved utvising av skjønn (inntil 15% fråvere). Det må gå fram av journalen din frå tidlegare at du har ein slik sjukdom.
  6. Nokre få elevar har særlege problem med å møte på skulen. For desse vil legane samarbeide med skule, helsesyster, BUP og andre etter behov. Det er ikkje slik at 10%-regelen skal ramme dei elevane med størst problem.
  7. Dersom du har vært til lege her, etter ei vurdering av at du har hatt behov for legetime, vil du normalt få attest til skulen på at du har vært til lege med dato og tidspunkt for konsultasjon.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk