Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Når du ringer legevakta

Når du ringer 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg.
Er det akutt og står om liv, ringer du framleis 113.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

Fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Dersom det er mogeleg, bør du alltid ringje fastlegen først.

Når du treng legehjelp: Kven skal du ringe?

  • Fastlegen din i opningstida
  • Legevakt 116117 eller lokalt legevaktsnummer 350 50005, når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta
  • 113 når det er akutt og står om liv

Fastlegen kan også gje hjelp raskt

Dersom du treng hjelp på dagtid, skal du først ringje fastlegen eller fastlegekontoret du høyrer til. Fastlegen vurderer kor mykje det hastar, og kan vanlegvis gje deg ein time same dag dersom situasjonen krev det. Du skal alltid kontakte fastlegen når det gjeld sjukemelding, fornying av resept og varige og kjende plager utan akutt forverring.

Kva kan legevakta gjere for deg ?

Når du ringjer det sekssifra nummeret 116 117 kjem du i kontakt med legevaktsentralen i området der du oppheld deg. Legevakta skal tilby hjelp til det som ikkje kan vente når fastlegekontoret ditt er stengt. Legevakta skal også hjelpe deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din, for eksempel på ferie eller reise. Dersom du trur det er akutt og står om liv, ringjer du medisinsk nødhjelp 113.

Legevakta i Noreg er ulikt organisert. I alle kommunar skal det alltid vera minst ein lege på vakt. Når du brukar legevakttenester, skal du betale ein eigendel.

Dei fleste stadar i landet er det forventa at du ringjer legevaktsentralen for vurdering for gjera avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vera nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpe deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdommar, og kva medisin du nyttar.

Slik kjem du i kontakt med legevakta:

Ring det sekssifra nummeret 116 117 eller det lokale legevaktnummeret. I Seljord er det 35 05 00 05. Båe blir svara døgnet rundt ved legevaktsentralen.

Hvis du treng å kome i kontakt med legevakta ein annan stad i landet enn der du oppheld deg, ring 116 117. Du kan og bruke det lokale nummeret. Sjekk kommunen si nettside eller nummeropplysningstenestene.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk