Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ljosterapi

Ljosmangel om hausten og vinteren forårsakar trødme hos 10 – 20 % av den vaksne befolkninga, og over 3 % viser til og med symptom på depresjon. Hos dei fleste menneske forårsaker den mørke årstida ein viss grad av nedstemthet og trødme, som ofte varar i heile den lange mørke hausten og vinteren igjennom. Forskarane kallar dette fenomenet, som påverkar menneskets humør og sunnhet, for mørketidsdepresjon. På engelsk kallas dette SAD: "Seasonal Affective Disorder". Om symptoma er av mindre alvorleg grad, blir det kalla for vintertrødme eller ljosmangel, og oppstår på grunn av mangel på dagslys. Undersøkingar tyder på at over 90 % av spurte merket at hausten og vinteren var tyngre enn våren og sumaren.

Vanlege symptom på mørketidsdepresjon eller ljosmangel:

  • auka behov for svevn
  • unormal trødme
  • vanskeleg å vakne om morgonen
  • stressproblem
  • irritasjon
  • endringea i apetitt (t.d.  auka behov etter godteri)
  • vektauke
  • konsentrasjonsproblem
  • nedstemthet
  • lågare arbeidseffektivitet

Mørketidsdepresjon eller sesongrelatert nedstemthet varer frå hausten til seinvinteren.
I Skandinavia er symptoma verst under den mørke tida, og kanskje før snoen legg seg på marken.
I dei tilfella depresjonssymptoma er kraftige og det ikkje finst nokon klar samanheng med årstida, bør man oppsøke lege.

Symptoma kan skuldast andre årsaker enn mangel på ljos, t.d. for lav blodsukkerverdi, kan opplevast omtrent likt som ved ljosmangel.
Visse medisin kan også framskynde overømfintlighet for ljos, og da bør ein vente med ljosterapi til ein er medisinfri.

Korleis behandlar ein mørketidsdepresjon?

  • Den beste måten å behandle mørketidsdepresjon/ljosmangelen på er å bruke kvitt fullspektrumlys. Det kan i nokre tilfelle også erstatte depresjonsmedisin, for eksempel såkalla ”lykkepiller”.
  • Sjølv om ein tek ljosterapi, er det også bra å være ute i frisk luft, mosjonere og ete sunt.
  • Mosjon og eit allsidig kosthald gir tilstrekkelig med naturlig B-vitamin.

 Korleis ljosterapi verkar inn på hjernen? 

  • Ljos, slik det blir oppfatta gjennom augo, gir hjernen næring og dermed energi, og programmerer den til å fungere best mulig.
    Energien går via synsnerven og synscellene, inn i hjernens sentra, der den produserer vanleg syn, til hjernebarken og den stimulerer lære og mentale evner; inn i det limbiske systemet der den lagrar visuelle følelsesmessige inntrykk. Djupt inne i hjernen ligg hypotalamus som kontrollerar det meste av våre biologiske funksjonar. Denne sender deretter ut rytmiske nervesignal gjennom hjernen og kroppen. Signala dirigerer nervesystemets aktivitetar, og hormonsystemet. Denne prosessen kallas den biologiske klokke.
    Denne rytmen bestemmer korleis me tenker, føler og fungerer, og bidrar dermed til utforming av dei fysiske og biologiske mønstre hos kvar enkelt. Hypotalamus styrer vår biologiske klokke, og ljoset styrer hypotalamus.
  • Jo sterkare ljosenergi som passerer gjennom hjernen, jo betre fungerar både hjernen og kroppen.
  • Plagene oppstår grunna for lite ljos om vinteren.
  • Forskarar har funne bevis for at sterkt kvitt (bredspektra) ljos verkar inn på dei kjemiske prosessane i hjernen.
  • Plagene er ikkje psykosomatiske.
  • Dei nervesentra i hjernen som kontrollerer den daglege rytma vår og stemningsleia våre, blir stimulert av mengda ljos som treff augo.
  • Det daglege behovet for behandling/bruk er individuelt frå individ til individ. Ettersom mange av brukarane "berre" ynskjer å motvirke vintertrødme og ikkje tilhøyrer kategorien vinterdepressive (mørketidsdeprimert), vil dei fleste klare seg med ca ½ 1 time daglig med 2 500 lux. Allereie med denne korte dageige behandlinga, vil mange "vintertrøtte" kunne føle ei betring i helsa.
  • Det er ikkje nødvendig å komprimere bruken av ljos, og det er naturleg å bruke riktig ljos heile dagen.
  • I alvorlege tilfelle av vinterdepresjon er behovet for ljosbehandling større. I disse tilfella vil det ofte bli anbefalt å bruke 10 000 lux, dette med omsyn til å redusere den daglege behandlingstida til ca ½ time.

 

Ljosterapi og skiftarbeid

  • Det er også mogleg å forskyve døgnrytma framover eller bakover, dvs. påverke tilstanden av svevn og våken, med hjelp av lysterapilamper. Om t.d. personar som arbeider skift blir behandla med ljosterapi i ein halv til ein time på kvelden før skiftet startar, kan dette forskuve trøttleiken til morgontimane, og såleis sleppe døsigheiten dei brukar å kjenne mot slutten av natta.
  • Om ljosbehandlinga skjer på morgonen, er ein i staden mindre trøyt om dagen. 

 

 Om du er interessert eller ynskjer meir informasjon, kontakt Psykisk Helse ved Magnus Rinde, mob. 90 76 18 45

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk