Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 02.10.2015Kontaktavdeling: Helsesenteret Kontaktperson: Mirjam Torkildsen Schade

Svangerskap og fødsel

Svangerskapsomsorg med jordmor på helsestasjonen er eit tilbod til alle gravide.
Jordmor tilbyr òg svangerskaps- og fødselsførebuande kurs (aleine eller i grupper), heimebesøk etter fødsel / barselsamtale, og deltek på barseltreff i lag med helsesøster. Jordmor deltek og i Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark.
Jordmor har kompetanse til å ta seg av friske gravide, oppdage avvik og henvise til spesialisthelsetenesta.

Jordmor er ein del av helsestasjonstilbodet og held til på helsestasjonen, Ingrid Slettensveg 16. Tenesta er gratis.
Partnar er velkomen til å vere med ved ein eller fleire konsultasjonar.

Opningstider for jordmorkontoret:
To dagar i veka kl 08.30-15.30. måndag, onsdag eller fredag.

Tilsett i jordmortenesta: Jordmor Mirjam Thorkildsen Schade

Time hos jordmor kan du få ved å ringe jordmors kontor eller ved å ringe /sende SMS til jordmors mobiltelefon.
Du kan og ringe helsesenteret, tlf. 35 06 52 50.

Jordmorvakt:
Vest-Telemark har felles vaktteneste for jordmor. Det er jordmor på døgnvakt på DPS i Seljord, Jakob Naadlandsveg 28.
Jordmorvakta, tlf. 35 02 16 24
Ein kan ev. ringe sentralbordet på sykehuset Telemark, tlf. 35 00 35 00, og spørje etter jordmorvakta i Vest-Telemark

For ytterlegare informasjon, kontakt ved leiande helsesøster Gunhild Kåsa Dehli Tlf. 350 65256 Mobil: 90 89 00 05 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk