Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Individ og samfunn

På desse sidene finn du informasjon som mellom anna er knytt til tema innbyggjarrettar, beredskap og tryggleik, og religion og samfunnsplanlegging.

I beredskapssituasjonar har Seljord kommune ein kriseleiingsstab. I staben skal det sitje personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt.
Rådmann leier krisestaben.
Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle.

Viktige kommunale aktørar i beredskapssamanheng er lege/helse.

I aktuelle kriser vil kriseleiinga samarbeide tett med t.d. Politi, Sivilforsvaret, Raude Krossen/Hjelpekorpset, Brann m.m.

Kommunalt kriseteam er ein del av kommunen sitt kriseapparat. Det kommunale kriseteamet består av leiar av psykisk helse, lege, lensmann, sokneprest/ungdomsprest, representant frå Barnevernsamarbeidet, og pedagogisk konsulent.
Kontakt med kriseteamet kan formidlast gjennom legevakt, politisentral, brannvesen og ambulansetenesta.

Viktige telefonar: 

Legevakt i Seljord: 35 05 00 05 / 116 117

Seljord/ Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05/ 116 117

Seljord kommune, sentralbordet: 35 06 51 00

113 : AMBULANSE. Ved livstrugande tilstandar eller ulykker 

110: BRANN 

112: POLITI 

Konfliktrådet
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk