Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
: 20.10.2015Kontaktavdeling: Kultur og næring Kontaktperson: Britt Haugland

Bibliotek

Bibliotektilbod og -tenester

Alle kommunar har eit folkebibliotektilbod, i Seljord finn du hovudbiblioteket i sentrum på Granvin kulturhus og filial i Flatdal samfunnshus. 

Opningstider sommar 2019: Sommarbibliotek i Seljord torsdag 12-19 i tida 24.juni til 19.august. Meirope bibliotek er dessverre ikkje tilgjengeleg i denne perioden.  Biblioteket i Flatdal er stengt i skulens sommarferie.

Ordinære opningstider i Seljord f.o.m.25/2-19: Måndag, tysdag og torsdag 09-19 - ubetent 19-22, onsdag 09-15 - ubetent 15-22 og fredag 09-15.

Kontakt oss for å få avtale om tilgang til ubetent bibliotek.  OBS! Endra opningstider i skuleferiar og høgtider.

Opningstider, kontaktinformasjon, lesetips og nytt frå biblioteket finn du på felles webportal for Vest-Telemarkbiblioteka.  Der kan du også fornye låna dine, logg inn med lånenummer og PIN-kode.

Biblioteket har som oppgåve å fremje opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd.  Biblioteket er kunnskapsbank og møteplass og låner ut/formidlar bøker og andre medier. Verksemda er pålagd og regulert gjennom Lov om folkebibliotek.  Alle, dvs. born, ungdom, vaksne og institusjonar kan nytte biblioteket sine tenester.

For å låne treng du lånekort, det får du på biblioteket.  (Vi kan evnt. be om legitimasjon).  Born under skulealder låner på føresette sitt kort.  Som lånar må du følgje lånereglane ved biblioteket.  Dei  fleste bibliotektilboda og -tenestene er gratis. 

 

Biblioteket på Granvin
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk