Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kyrkjene i Seljord

Seljord kyrkje er ei steinkyrkje i romansk stil bygd på midten av 1100-talet, vigsla til Heilag-Olav. 
Våpenhuset er høgst sannsynleg leivningane etter ei lita stavkyrkje som blei flytta frå garden Kåvadalen i Nordbygdi i Seljord på midten av 1600-talet.  
Kyrkja er open på sommaren med omvisning, sjå skilting

Flatdal kyrkje er ei tømra, bordkledd langkyrkje, innvigd i 1654, bygd der det tidlegare sto ei stavkyrkje. 
Kyrkja blei - saman med dei to andre kyrkjene og kyrkjeeigedomane i prestegjeldet – seld på auksjon i 1723.  Ho var i privat eige fram til 1873 då kyrkjelyden overtok ho.

Åmotsdal kyrkje er ei tømra, bordkledd krosskyrkje, innvigd i 1792, bygd der det tidlegare sto ei stavkyrkje. 
Ho er bygd av Jarand Rønjom, ein allsidig kunstnar og handverkar frå Åmotsdal.

Mandal kapell er ei tømra langkyrkje, innvigd i 1954.  16-åringen Ole Bringen reiste i 1863 frå heimbygda Mandal til Amerika. 
I 1947 sendte han eit brev til presten i Seljord saman med 8000 dollar som han ville skulle brukast til å byggje ei kyrkje i Mandal.

 

 

Seljord kyrkje sommar

 

 

  Seljord kyrkje 

 

Flatdal kyrkje

 

 

  Flatdal kyrkje 

 

Åmotsdal kyrkje

 

 

  Åmotsdal kyrkje 

 

Mandal kapell

 

 

  Mandal kapell 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk