Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Turområde

Tips og informasjon om moglege turar i Seljord og omegn

Raudkleivområdet:

Raudkleiv skileikanlegg med trim/turløyper, eit nytt anlegg på skihistorisk grunn.

For å kome til Raudkleiv, ta av frå E134 mot Garvikstrondi og ta fyrste avkjøyring til høgre. Vegen blir brøytt/strødd tyrsdag, onsdag, laurdag og sondag. Tysdagar og onsdagar skal vegen vere klar kl. 18.00 i samband med skikarusell/-trening, og i helgene kl.10.

Det er stor parkeringsplass, så det er plass til alle. 

Kivledalen:

Følg Gullnesvegen forbi Heddeli bu og servicesenter og Heddeli barnehage like til parkeringa ved Tippen. Skiløypa gjeng mot Bygdardalen og Sundsbarmvatnet. 

Lifjell:

Lifjellplatået er staden for deg som vil høgare til fjells. Ta av E134 nær sentrum til Grimåsen, ca. 8 km. Vegen gjeng innover Grunningsdalen, forbi Reinstaul gard, og vidare siste stykket til Grimås. Her er det god parkering og vegen til høgfjellet er ca. 30 min. skitur unna. Flott høgfjellsterreng, høge nutar og fine løypetrasear. Ein kan gå langtur til Hollane, og vidare over platået til ein endar på Jønnbu i Bø kommune. Det er også er fine løyper til Notodden kommune. Ein kjem innpå eit løypenett med utgangspunkt ved Myrgvarv i Heddal. (Gavlasjå). Ved å nytte dei kan det au bli ein fin rundtur tilbake til Seljord. Bomveg kr. 40,- gratis parkering. Kart: Lifjell.

Langlim:

Sving av E134 mot Åmotsdal v. Nutheim øverst i Flatdal. Etter nokre kilometer kan ein ta til venstre til Langlim. Vegen er skilta frå Åmotsdalsvegen

Åmotsdal / Sudbø:

Vil ein på tur til Brattefjell / Vindeggen området, kan det være naturleg å starte frå parkeringa på Sudbø. Her ligg høgfjellet foran dykk, med alt dette har å by på. Her kan ein også gå over til Rauland om ein ynskjer det. Kart: Seljord nord.

Kvambekk:

Kvambekkheii eit nydelig turområde heilt nordvest i Seljord kommune, øverst i Åmotsdal. Her er det meste av terrenget over 1000 m.o.h. Kart: Seljord nord.

Svartdal:

Sving av E134 mot Svartdal og Lien fjellgard, til parkeringa ved Nørsteteig (6 km.) Kart: Seljord nord. Skislepa til Svain byrjar ved Nørsteteig, og gjeng forbi kapellet (kopi av Eidsborg stavkyrkje). Løypa gjeng vidare gjennom Minnesjorddalen, forbi Skrøyva, Jønntjønn og vidare mot Svain. Her ligg høge nutar som Svanibba, Brattefjell, Robekknuten og Vindeggen, så valet er rikhaldig og fritt kor ferda måtte gå vidare. God tur!

Flatdal:

Flatdal bygdeutviklingslag og Flatdal idrettslag har rydda og merka fleire løyper og stigar. Du finn kartblad med informasjon om området på heimesida vår. Elles er det på gang eit arbeid med å utarbeide nye kart, og dei vil bli lagt i nye kasser på dei ulike informasjonstavlene i Flatdal, ved Nutheim og avkøyringa ved Haugsvold i Svartdal.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk