Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Utvalde kulturlandskap

Hjartdal og Svartdal - Utvalde kulturlandskap (UKL)

Vi har frå 2018 heile 41 utvalde kulturlandskap i Noreg. Eitt av desse er Hjartdal og Svartdal i Telemark, og dei kom på lista i 2017. Hjartdal og Svartdal er utvalde fordi dei har store verdiar knytt til biologisk mangfald, kulturminner, kulturmiljø, og fordi grunneigarane og andre aktørar satsar på å ta vare på området som eit viktig kulturlandskap. I desse områda kan grunneigarar og brukarar søkje tilskot til skjøtselstiltak. Her er den nyleg vedtekne forvaltingsplanen for Hjartdal og Svartdal 

Her kan du sjå filmen om UKL Hjartdal og Svartdal

Blomstereng i Thogrenda

Kva for område ordninga gjeld for:

Regelverket gjeld for det utvalde kulturlandskapet Hjartdal og Svartdal slik det er merkt av i forvaltningsplanen for området; sjå kartvedlegg for Hjartdal og Svartdal.

Kven kan søkje:
Alle som har eigedom i og bur på, eller driv eigedom innanfor avgrensinga t.d. grunneigarar, drivarar, hytteeigarar, lag og organisasjonar som medverkar til å nå måla i forvaltningsplanen og eventuelle skjøtselsplanar, dersom det er utarbeidd, kan søkje. 
Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar eller andre rettshavarar.

Kva kan du søkje tilskot til?

Retningsliner for søknad om tilskot

Tiltaksliste UKL

 Kva må søknaden innehalde?
• Bruk og fyll ut Søknadsskjema for Utvalde kulturlandskap Hjartdal og Svartdal 
• Tiltaket skal avmerkast på kart som vert lagt med søknaden. Bruk gjerne gardskart
• Det er viktig at tiltaket vert dokumentert med foto før og etter. 
• Budsjett/kostnadsoverslag og gjennomføringsplan
• Godkjenning frå eigar dersom det er ein annan enn søkjar. 
• Send søknaden til: postmottak@hjartdal.kommune.no 
• Søknadsfrist er 1. mai 2019
 

Arbeidsfrist:
Arbeidsfrist er normalt hausten 2020



Kontaktperson:

Torunn Raftevold Rue på epost: torunn.rue@seljord.kommune.no, eller på tlf 350 65 151 / 95 90 84 40
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk