Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 23.11.2015Kontaktavdeling: Kultur og næring Kontaktperson: Asbjørn Storrusten

Ledige næringstomter

Områda som er regulert for næringsverksemd i kommunen er ofte privateigd, men du kan ta kontakt med kommunen for informasjon om dei einskilde områda og eigarar.

Seljord sentrum:
Området mellom Nyveg og Ingrid Slettens veg/ Steinsrudvegen og E134 er regulert som områder til næringsverksemd.
Områda er privat eigd.

Nordbygdi (Seljord vest)
I området vest for Seljord, frå Skjerveåi til Rui camping/ mellom Bygdaråi og Nordbygdivegen er det regulert inn områder til næringsverksemd.
Områda er privat eigd.

Bergen Holm
Reguleringsplanen for Nordbygdi legg til rette for ca. 150 daa velarrondert og lettbygd areal for næringsverksemd/forretning/industri.
På deler av området er det kontor-/lagerbygningar, med moglegheit for leige og kjøp.
Større og mindre tomter blir arrondert for sal.
Eigar av dette arealet er Bergene Holm AS. I reguleringsplanen er det regulert med offentleg veg gjennom området, vegen vil kople området direkte til E 134.
Vegen er regulert, men ikkje prosjektert.

Eit området langs E134 og Bygdaråi er regulert til næringsverksemd, men det føresett opparbeiding av avkjørsle til E134.

Århus industriområde:
Området ligg ca 5 km frå Seljord sentrum, ved E 134 mot Flatdal.
Det er planlagt stor utbygging i området.
For mogleg leige/kjøp av areal kontakt  Århus Næringspark ved dagleg leiar Magne Reinstaul  tlf 97084712  e-post; magnrein@online.no

Håkkedalen:
Området ligg i Flatdal.  Noko areal er ikkje i bruk.
Areala er privateigd.

Bergemoen:
Området ligg i Åmotsdal ved fylkesveg 503, ca 25 km frå Seljord sentrum. Det er om lag 15 dekar som er ledig.  Kommunaleigd. 

 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk