Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 02.09.2016Kontaktavdeling: Kultur og næring Kontaktperson: Torunn Raftevold Rue

Informasjon om jakt 2016

Jakta på nokre av hjortedyra er alt i gang - og størstedelen av jakta både på elg og hjort tek til i slutten av september. Jegerane skal rapportere sett elg og sett hjort. Vi minner difor om den digitale innleveringa av sett elg- og sett hjort-skjema.

Skjemaet finn du på www.settogskutt.no 

Løysinga er kopla opp mot jegerregisteret. Det tyder at jegerane må bruke jegernummer og fødselsdato for å logge inn og søkje opp der dei har jakta.

Vi vil oppmode alle jegerar om å registrere sett- og skuttdata etter kvart.
Den enklaste måten å få oversikt på jaktfelta, er å gå inn på Hjorteviltregisteret via www.hjorteviltregisteret.no 


Slik gjer du:

Jaktleiar (eller annan person som har fått ansvaret) loggar seg inn med jegernummer og fødselsdato på www.settogskutt.no og registrerer skjema. Registreringar av sett elg, sett hjort og slaktevekt som vert gjort på www.settogskutt.no , blir tilgjengelege for alle i rapportane til Hjorteviltregisteret når jaktvaldsansvarleg eller kommunen har godkjent alle data.

Du finn jaktfeltet ditt slik ved å gå inn via www.hjorteviltregisteret

  • Klikk på fana elg eller hjort
  • Til venstre i menyen Sett elg/hjort – Sette elg/hjort
  • Vel fylke – Telemark 
  • Kommune – Seljord
  • Vald – vel vald
  • Jaktfelt – Alle jaktfelt, der ligg alle jaktfelta med namn og nummer.

Rettleiing til skjema sett og skutt

Dersom du har spørsmål om www.settogskutt.no , ta kontakt med Naturdata på support@naturdata.no eller på telefon 74 33 53 10.


  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk