Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 26.11.2015Kontaktavdeling: Heimetenestene Kontaktperson: Åse Bjåland Sigrid Kleivi Berge

Heimetenestene

Heimetenesta har ansvar for kommunen sine pleie og omsorgsoppgåver utanfor institusjon.
Målet for heimetenesta er at alle som ynskjer det skal få bu heime så lenge som mogleg.
Heimetenesta består av sjukepleierar/helsearbeidarar/hjelpepleiarar som tek seg av pleie- og omsorgoppgåver, og heimehjelp som tek seg av praktisk hjelp i heimen.

Det er Tenestekontoret som handsamar søknader om alle omsorgstenester.

Tilbod etter søknad om:

  • Heimesjukepleie/heimehjelp
  • Matombringing: Middagen vert levera heim til brukar, ein til to gonger i veka. Middagen har to rettar; middag og suppe eller dessert
  • Tryggingsalarm: Heimebuande som kjenner seg utrygge og har eit særleg hjelpebehov/tryggleiksbehov grunna sjukdom eller funksjonshemming
  • Omsorgsbustad
  • Oppfylgjing ved opphald på bu- og servisesenter: Steinmoen og Heddeli

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar for heimetenestene: Sigrid Kleivi Berge, tlf. 35 05 84 09

Demensteamet: Bente Hovden, tlf. 35 05 84 00

Hjelpemiddel hørsel: Liv Boyesen, tlf. 35 05 84 00

Hjelpemiddel syn: Kari Synnøve Rue, tlf. 35 05 84 20

Hjelpemiddel bevegelse: Ragnhild Skrede, tlf. 35 06 52 50

Kreftomsorg: Anne Gry Tveito Særsland, tlf. 35 05 84 00
 

Tekniske hjelpemiddel:

Seljord kommune har eit lager av ymse hjelpemiddel til kortvarig utlån. Utlån blir formidla via heimetenestene

Dersom ein skal låne hjelpemiddel utover 3 månader, må ein søkje via kommunefysioterapeuten.

Varme hender
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk