Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 26.11.2015Kontaktavdeling: Nesbukti pleie og omsorgsenter Kontaktperson: Åse Bjåland

Nesbukti pleie- og omsorgsenter

Nesbukti pleie og omsorgsenter blei opna i 2003.
Bygget ligg sentralt og er lett tilgjengeleg frå sentrum. Det ligg vakkert til, med flott utsikt utover Seljordsvatnet. Bygget er praktisk, har alt på ei flate, og med lett tilgang til uteareal og grøntanlegg. Nesbukti pleie- og omsorgsenter har somatisk avdeling og avdeling for demente.

Nesbukti pleie og omsorgsenter har 26 pasientrom fordelt på 4 fløyar. Alle pasientromma er einerom og har eige bad.
Av dette er 20 plassar ved somatisk avdeling og 6 plassar ved avdeling for demente.

I tilknytning til pleie- og omsorgssenteret er det også eige vaskeri og mottakarkjøkken.

Andre tilbod:

  • Frisørsalong Tlf. 35 05 11 30
  • Fotterapeut Tlf. 90 98 88 43
  • Kantina kan nyttast av tilsette og andre som er på besøk. Opningstid kl. 10.30-kl. 12.30.
  • Presten held andakt på Nesbukti pleie- og omsorgssenter annan kvar torsdag. Han har då med seg organisten.

Barnehagane i sentrum, barneskulen, sjukeheimens venner, pensjonistforeninga og andre kjem fast på besøk kvar månad.  

I tillegg blir det arrangert konsertar og andre samankomstar for bebuarar og pårørande.

Pårørande eller andre som har lyst til å kome, er hjarteleg velkomne. Me har ikkje faste besøkstider, men bebuarane får middag kl. 12.30 og kviler gjerne etterpå.

  • Avdelingsleiar Somatisk avdeling: Elise Engesæther
  • Avdelingsleiar Avdeling for demente: Kristin Aamot

Det er Tenestekontoret som handsamar søknader om opphald på institusjon.

Nesbukti POS
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk