Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 03.04.2017Kontaktavdeling: Undervisning - Kulturskulen Kontaktperson: Tore Sognefest

Tilboda i kulturskulen

Informasjon om dei enkelte tilboda

  • Strykeinstrument: Undervisning på hardingfele, fiolin og bratsj, grunnopplæring i cello. Instrument kan leigast hjå kulturskulen. Hardingfele-elevar kan bli med på samspel i juniorlag eller aspirantlag.
  • Blåseinstrument: Instrumenta kan leigast eller lånast frå korpset. Det er best om du også deltek i eit av korpsa, då det alltid er meir moro å spele saman med andre.
  • Piano: Her er det ein fordel å ha piano heime. Keyboard går også greitt.
  • Besifring piano: For litt eldre elevar som vil spele "fritt" etter akkordar. Her er det ein fordel å kunne litt notar i G -nøkkel frå før.
  • Song: Opplæring i stemmebruk og songteknikk i ulike sjangrar. For dei litt eldre elevane (ungdomsskulen +).
  • Gitar/bass: Undervisning i akustisk og el. gitar/bass. Også ukulele.
  • Slagverk: Opplæringa er for det meste på trommesett/skarptromme, men også andre rytmeinstrument som congas, bongos m.m. Kombiner gjerne med deltaking i korps.
  • Teater/musikal: Er du interessert i det teatralske saman med musikk, er dette noko for deg. Frå 7. klasse og oppover. Gruppetilbod.
  • Trekkspel: Knappespel (norsk system). Bør disponere instrument sjølv.
  • Barnekor: Ein fin stad å starte som elev i kulturskulen. I år samarbeidde vi godt med teatergruppa.
  • Band: Her må ein ha spelt ei stund for å bli vurdert til opptak. Du kan gjerne gå saman med andre elevar og levere ein felles søknad. Lydstudio/musikkproduksjon: Her kan du jobbe med studio-opptak, lydmiksing og data i vårt nye lydstudio (i det tidlegare NRK-rommet på Granvin), som no er ferdig utstyrt.
  • Juniorspelemannslag/aspirantlag: Samspeltilbod for deg som vil spele hardingfele.
  • Korps: Ein kan ha individuell time i kulturskulen og samtidig delta i eit av korpsa. Korpsa gjev også opplæring på instrumenta. Ved val av "korps", vil di interesse bli sendt vidare til korpset i Flatdal eller Seljord.
  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk