Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 01.10.2015Kontaktavdeling: Undervisning - Vaksenopplæringa Kontaktperson: Wenche Heldal

Vaksenopplæring

Informasjon om vaksenopplæringa i Seljord kommune

Vaksenopplæringa underviser vaksne innvandrarar i norsk og samfunnskunnskap.

Vaksenopplæringa fylgjer skuleruta for grunnskulen i Seljord.

Undervisninga er på Telebygget, ved sida av Banken. 

Kontaktperson i Vaksenopplæringa: Wenche Heldal
Telefon: 35 06 51 00 / 95 30 35 39
Postadresse: Brøløsvegen 13 A, 3840 Seljord
Besøksadresse: Brøløsvegen 47, Seljord

Undervisningstida er frå kl. 08.30 - 15.00, måndag, onsdag og fredag.

Ved avslutning av norskkurs, får elevane høve til å gå opp til offentleg språkprøve.

Elevgruppa er sett saman av tre ulike kategoriar elevar:

  • Elevkategori 1: Flyktningar. Personar med opphalds- og arbeidsløyve etter utlendingslova som dannar grunnlag for busettingsløyve, og som er mellom 16 og 55 år, har etter utlendingslova rett og plikt til gratis opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Frist for gjennomført undervising er tre år. Kommunen skal syte for undervisinga. 
  • Elevkategori 2: Familiegjenforente. Utlendingar med gjenforening med personar i gruppa over eller familegjenforente med nordisk borger busett i Noreg, har også rett og plikt til undervising.
  • Elevkategori 3: Arbeidsinnvandrarar. Dei fleste arbeidsinnvandrarar har ikkje rett på gratis opplæring i norsk og samfunnsfag. Deltakarane blir fakturerte for semesteravgift, eit kronebeløp per time og dei må betale for undervisingsmateriell.

Målsettinga med opplæringa i norskkurset er at kursdeltakaren skal kunne nå eit nivå i norsk som gjer han/henne auka moglegheiter til å bruke den kompetansen dei har med seg, både i utdanning, arbeid og i samfunnslivet generelt.

 

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk