Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 16.11.2015Kontaktavdeling: Flyktningeteneste Kontaktperson: Per Atle Einan

Språkpraksis

Informasjon om språkpraksis i Seljord kommune

Flyktningar og innvandrarar som er i målgruppa for introduksjonsprogram, skal ha eit heiltidstilbod frå kommunen.
Den tida dei ikkje får skuleundervisning, skal dei vere ute på ein arbeidsplass som gjev høve til å nytte språk i praksis.
Språkpraksis er ein del av undervisninga.

Deltakarar som har rett til introduksjonsprogram, har og plikt til å delta på språkpraksis. Ein deltakar i språkpraksis skal ikkje erstatte ein vanleg arbeidstakar.
Deltakaren skal vere i tillegg til den vanlege arbeidsstokken.
Deltakaren skal kunne tilføre ein arbeidsplass to ekstra hender, og få praktisk språkpraksis attende.

Ei verksemd som tek imot deltakarar i språkpraksis blir følgd opp og rettleia av lærarar på vaksenopplæringa.

Språkpraksisplassar i Seljord kommune Ikkje oppdatert 

  • Tussejuv barnehage 1 stk 
  • Heddeli barnehage 1 stk 
  • Bjørge gard 2 stk. 
  • Prestegarden 1 stk 
  • Telespinn as 1 stk 
  • Nedre Lien gard 1 stk 
  • Nesbukti pleie- og omsorgssenter 1 stk
  • SFO ved Seljord barneskule 1stk. 
  • Seljord barneskule 1 stk
  • Seljord ungdomsskule 1 stk
  • Heddeli bu og servicesenter 1 stk
  • Granvin kulturhus 1 stk

 

Vaksenopplæringa har behov for fleire språkpraksisplassar.

  • Dyrsku'n
  • Møtestad Seljord
  • Ruteinfo Norge
  • Seljord og sogene
  • Ta Seljord i bruk
  • Vestfold kollektivtrafikk

Seljord.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke seljord.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk