Krisehandtering

Sist endret: 15.06.2016Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Kari Gro Espeland

Vi lever i eit teknologisk samfunn der uventa hendingar i vår kvardag kan få store konsekvensar for kvar og ein av oss, og føre til store endringar i vårt daglege tilvære.
Mange typar uhell, ulykker og kriser kan oppstå i våre nærområde eller fjernområde og skape krise. Kommunen må difor være budd på å takle uvanlege situasjonar, og stille ressursar til rådvelde slik at konsekvensane vert så små som råd.
For å lukkast med krisehandteringa er det viktig at ein så tidleg som mogleg går inn med tiltak.
I samsvar med krav i lov er det utarbeidd ein kriseplan for Seljord kommune. Til å gjennomføre innsats i samsvar med denne planen er det i Seljord kommune oppretta ein kriseleiingsstab. I denne staben skal det sitje personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt. Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle.

Plan   Vedteke
Plan for kriseleiinga i Seljord kommune  Mai 2016
Ros-analyse  Mai 2016
Kartutsnitt - vedlegg til Ros-analysen