Kriseleiing

Sist endret: 22.02.2017

Seljord kommune har oppretta ein kriseleiingsstab. I staben skal det sitje personar som i kraft av si stilling, politisk eller administrativt, har kunnskap og/eller myndigheit til å setje i verk tiltak raskt og effektivt.
Rådmann leier krisestaben.
Ordførar/varaordførar har plass i staben. Ordførar representerar høgste myndigheit for å taka avgjerder i høve til å kunne overskride budsjett i krisetilfelle.

Viktige kommunale aktørar i beredskapssamanheng er lege/helse.

I aktuelle kriser vil kriseleiinga samarbeide tett med t.d. Politi, Sivilforsvaret, Raude Krossen/Hjelpekorpset, Brann m.m.

Kommunalt kriseteam er ein del av kommunen sitt kriseapparat.

Viktige telefonar: 

Legevakt i Seljord: 35 05 00 05 / 116 117

Seljord/ Notodden legevaktsentral: 35 05 00 05/ 116 117

Seljord kommune, sentralbordet: 35 06 51 00

113 : AMBULANSE. Ved livstrugande tilstandar eller ulykker 

110: BRANN 

112: POLITI