Sist endret: 18.09.2017

Reinhaldar i Flatdal barnehage ID 187

Det er ledig 25 % fast stilling som reinhaldar ved Flatdal barnehage. Stillinga inneber arbeid 1 time og 50 minutt vask kvar dag. Arbeidet er basert på at det blir utført på dagtid. Personar med fast stilling i kommunen kan søke på internutlyste stillingar. Oppstart 01.10.2017. Søknadsfrist 25.9.17

Vi ynskjer ein person med:

  • Fagbrev innan reinhald
  • Relevant erfaring frå reinhaldsarbeid
  • Gode samarbeids- og omstillingsevner
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

For meir informasjon om stillingane kan ein ta kontakt med styrar i Flatdal barnehage, Heidi Færstaul Haugerud, på tlf. 35051352.

Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Elektronisk søknadsskjema finn du her