Sist endret: 08.10.2018

ID233 Aktivitesmedarbeidar ved dagaktivitessenteret

Frå 1. november 2018 er det ledig 1,4 stillingar som aktivitetsmedarbeidar ved dagaktivitetssenteret ved Nestunet, primært dagarbeid og med helgevakter.

Frå november 2018 vert det sett i drift nytt dagaktivitetssenter for demente og andre med særskilte behov i nye lokalitetar ved Nestunet.  

Det vil totalt vera 2 årsverk knytt til dagaktivitetssenteret, m.a.  aktivitør i 60 % stilling. Dagleg leiar ved Nestunet har formelt leiaransvar for drifta ved dagaktivitetssenteret.

Til stillingane som aktivitetsmedarbeidarar, vil det ligge oppgåver knytt til praktisk planlegging og gjennomføring av aktivitetar på senteret, samt å syte for kontinuitet i gjennomføringa. Det er planlagt at senteret skal ha tilbod 5 dagar i veka.

Vi søker medarbeidarar med helsefagleg bakgrunn, anten 3-årig høgskule eller fag-/helsefagarbeidar. Det er krav om god erfaring og formell kompetanse innan demens.

For søkarar som ikkje har slik kompetanse, vert det lagt vekt på viljen til å skaffe dette.

Det vil også bli lagt stor vekt på at vedkomande er personlig egna til å jobbe med denne brukargruppa.

For tilsetting i stillingane vert det stilt krav til godkjend politiattest. Løn etter gjeldande tariff avhengig av formelle kvalifikasjonar.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med einingsleiar for heimetenesta Sigrid Kleivi Berge tlf. 97 60 49 02 eller kommunalsjef for helse- og omsorg Lillian Olsen Opedal tlf. 99224727.

Søk elektronisk via elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 18. oktober 2018