Sist endret: 21.12.2018

ID238 - Intern utlysning - Einingsleiar Flatdal oppvekstsenter

Einingsleiar/rektor, frist 11.01.19

Seljord kommune har vedteke omorganisera som er jobba fram i løpet av 2018, og det skal blant anna bli oppretta eit oppvekstsenter i Flatdal frå hausten 2019. Oppvekstsenteret skal bestå av tidlegare Flatdal skule, Flatdal barnehage og Åmotsdal barnehage.  Leiinga av senteret skal bestå av ein einingsleiar/rektor, ein assisterande einingsleiar/styrar og ein stadleg leiar/avdelingsleiar for barnehage.

I ein ny leiarstruktur ønskjer kommunen å gå frå mange avdelingar til færre einingar. Einingsleiarar får fullt personal-, økonomi- og faglig ansvar.

Den som skal bli tilsett som einingsleiar/rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar. Vi ser etter ein leiar som kan bygge ein ny organisasjon, sikre riktig kvalitet i tenestetilbodet og som kan bidra til å vidareutvikla oppvekstområdet.

Nærare info får du hos kommunalsjef, Even Fossum Svendsen even.f.svendsen@seljord.kommune.no

Søknad, der du grunngjev din motivasjon for stillinga, samt CV sendast innan 11. januar via elektronisk søknadsskjema