Sist endret: 12.02.2019

190212 ID245 200% stilling som assisterande einingsleiar

Internutlysing assisterande einingsleiar institusjon og open omsorg. ID245, frist 24/2-19.

Nesbukti (institusjon) og open omsorg søker etter ein person til assisterande einingsleiarstilling. Stillingane er på totalt 100 % kvar, medan arbeidstida blir ein kombinasjon av dagarbeid og turnus. Arbeidet er fordelt på to administrative dagar, resten av tida vil bli arbeid som sjukepleiar i tenesta. Ein må rekne med arbeid inntil kvar 3. helg. Det kan i tillegg bli delegert ulike oppgåver frå einingsleiar. Stillinga inneber at ein er ein del av leiarteamet.  

Kvalifikasjonskrav: 

  • Godkjend utdanning som sjukepleiar
  • Fordel med leiarerfaring
  • For stillinga på institusjon er det krav om vidareutdanning innan demens

Vi ser etter personlege eigenskapar som: Lojal, positiv, gode samarbeidsevner, vere løysingsorientert, tenke i team og kunne stå i vanskelege situasjonar.

For meir opplysningar om stillinga, ta kontakt med einingsleiar på Nesbukti, Beate Våge Lia på tlf.: 41 23 43 21 eller Sigrid Kleivi Berge, tlf.: 40 91 35 61, einingsleiar i open omsorg.

Elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 24.02.2019