Om Seljord kommune

Sist endret: 10.06.2016

Seljord kommune sysselsette i 2015 om lag 258 heile årsverk fordelt på omkring 350 tilsette. I tillegg kjem vikarar og andre timeløna. Kvar månad står rundt 440 personar på lønningslista. (Årsmelding for Seljord kommune 2015) I tillegg kjem vikarar og andre timeløna.

I Hovudmål 4 i kommuneplanen står fylgjande:

"Seljord kommune skal utvikle gode service- og tenestefunksjonar i samspel med innbyggjarane".

I Årsmeldinga for 2015 vurderer kommunen målet slik:

"Seljord kommune har eit kontinuerleg fokus på service og kvalitet. Kommunen har vedteke etiske retningsliner for dei tilsette, og har system for kvalitetssikring og for varsling av kritikkverdige forhold. Kommunen har organ som sikrar brukarmedverknad i saker som skal til politisk handsaming, og brukarar og pårørande er viktige informantar når det skal fattast enkeltvedtak om tenester".
Alle tilsette i Seljord kommune er ein viktig del av kommunens service- og tenesteapparat. Kommmunen ynskjer å ta vare på sine tilsette slik at dei er i stand til å yte gode tenester for publikum og innbyggjarar.