Sist endret: 22.02.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Tone Bøhn

Nytt intranett opnar 22.2.2017

Du ser no det nye intranettet til Seljord kommune. Vi håpar at du finn fram til det du leitar etter. Vi oppfordrar deg til å bruke søksfunksjonen viss du ikkje finn fram ved å leite. Meld frå til HMS-koordinator Tone Bøhn viss du ikkje finn fram.

Vi har samla alle personalskjema under lenka på framsida. Personalskjema. Alt av HMS-skjema vil du finne under HMS, eller du kan leite opp på Personal-HMS.

Det er ikkje lenger innlogging med brukarnamn og passord for å gå inn på intranettet.

Vi er ikkje heilt feridg med Internkontrollsystemet for pleie- og omsorgsektoren. Viss du saknar enkelte rutinar og skjema, meld frå til omsorgssektoren ved Åse Bjåland eller til Tone Bøhn, HMS-koordinator.

Bruk søk-funksjonen på framsida viss du ikkje finn det du leitar etter under Personal - HMS. Vi kan leggje inn alternative søkeord slik at ting blir lettare å finne.

Og det er viktig at de seier frå viss de finn utdatert informasjon eller lenker som ikkje fungerer.

Vi ynskjer at sidene skal vere levande og med oppdatert og nyttig informasjon.

Lukke til med det nye intranettet!