Sist endret: 02.03.2017

Virusvarsel frå aspit

Aspit ynskjer å minne oss på forsiktigheitsreglar rundt e-post og virus.
Akkurat no verserer det veldig mange e-postar med «regninger» eller «kvitteringer». Felles for mange av dei er at dei i e-posten har ei lenke til «kvitteringen/regningen» og at denne typisk peikar til ein fil på Dropbox, eventuelt Dropboxusercontent.
Ut over dette kan slike e-postar gjerne kjennast att ved at det er lite informasjon om kva du har kjøpt og at det ikkje er nokon samanheng mellom firmanamn og e-postadresse. Eventuelt at firmanamn er heilt utelete.
Kort sagt - ver forsiktig og skeptisk! Og slett slike, ikkje opne lenka!