Sist endret: 10.03.2017Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ingeborg Nenseter Jensen

Avvikling av sommarferie 2017

FERIELISTER
Det er tid for ferieplanlegging igjen. Avdelingsleiarar har ansvar for å sette opp ferieliste for sine respektive område, og skal drøfte denne med tillitsvalde før den blir lagt ut.

Rettigheiter og plikter etter ferielova

Alle tilsette har både rett på og plikt til å ta ut 5 veker ferie kvart år, 6 veker for dei over 60 år. Arbeidsgjevar har plikt til å sjå til at arbeidstakarane får full ferie kvart år, og ikkje har ferie til gode når året er omme. Om de har tilsette som har overført ferie frå i fjor, må ein legge ein plan for at også denne ferien blir avvikla.

Overføring av ferie frå eit ferieår til eit anna, er eit unntak, ikkje ein regel.  

Arbeidstakar har rett på å få 3 veker samanhengande i hovudferieperioden, som strekk seg frå 1.6. til 30.9 kvart år. Arbeidstakarar som tiltrer seinare enn 30.9, er sikra rett til 1 vekes ferie. Arbeidstakar som tiltrer før denne datoen har rett på full ferie.

Ferietrekk blir gjort på juniløn og gjeld årets ferie. Feriepengar blir utbetalt same månad og baserer seg på det ein har opptent i løpet av føregåande arbeidsår.  

Endringar

Dersom de alt no veit at ein tilsett skal endre stillingsstorleik seinare dette året, er det veldig viktig å ta høgde for dette alt no, slik at justeringar blir gjort i ferietrekket som blir køyrd på juniløna.

Tilsette som endrar stillingsstorleik etter at ferietrekket i junimånad er gjort, må få trekket sitt justert i etterkant i høve til talet på feriedagar som ein har til gode og til ny stillingsprosent. Det kan bety at vedkomande må bli trekt i løn.

Avdelingsleiar må ha oversikt over talet på feireveker som dei tilsette har avvikla og kor mange veker dei har til gode eller skuldar, slik at personalavdelinga får ein rett oversikt når endringa blir gjort.

Om ein har tilsette som kjem rett frå utdanningsinstitusjon og startar i sin fyrste jobb, kan vedkomande ha rett på redusert ferietrekk, på bakgrunn  av manglande feriepengegrunnlag. Alle andre skal trekke for 5, eventuelt 6 veker ferie.  

Når det gjeld tilsette som sluttar i stillinga si i løpet av fyrste halvår og innan utgangen av  juni månad, treng vi å få ein oversikt over ferieveker som er avvikla, slik at sluttoppgjeret blir rett. Ein må finne ei rimeleg løysing for talet på ferieveker som skal avviklas i slike tilfelle, t.d. 2 til 3 veker ved tilsetting halve året.  

Praktisk

Det ligg ute ferielister for 2017 på fellesområdet under Seljord kommune, som alle skal bruke. Ferielista som ligg ute er kopi av lista frå i fjor - stryk dei som ikkje er tilsette lenger og putt inn nye tilsette og den ferien dei skal ha i sommar.  

Avdelingsleiarane har ansvar for å sjå til at foreslått ferieavvikling er forsvarleg i høve til verksemdas drift. Ferielista må vere klar seinast to månader før ferien tek til.  

Om du lurar på noko om ferie, er du velkommen til å ta kontakt med personalavdelinga!      

Med venleg helsing  

Ingeborg Nenseter Jensen

Organisasjons- og  personalsjef