Sist endret: 09.05.2017Kontaktperson: Knut Olav Heddejord

Tidsavgrensing på program i aspit driftssenter

Eit program som blir starta i ASPIT Driftssenter og blir ståande inaktivt utan at brukar avsluttar, har til no blitt automatisk avslutta av systemet etter 12 timar. I samråd med kommunens it-ansvarlege, Knut Olav Heddejord, vil denne tidsgrensa no bli skrudd ned frå 12 til 4 timar. Merk at det gjeld frå det tidspunktet der du sluttar å arbeide, ikkje frå det tidspunktet du startar programmet.

Det betyr at dersom du startar opp programmer kl 8 og så går i møte i frå 9 til 14, vil programmene bli avslutta automatisk kl 13. Difor er det viktig å hugse på å lagre arbeidet når ein forlet pc'en, noko ein uansett alltid bør gjere med tanke på straumbrot o.l.  

Bakgrunnen for avgrensningane er at ein innlogga brukar legg beslag på sentrale ressursar i form av maskinvare og lisensar sjølv om programmet ikkje blir brukt aktivt, samt sikkerheitsaspektet ved at ein let programmene ligge ope over lengre tid når ein ikkje er til stades.
Kort sagt - når du veit du skal vere borte frå pc'en over lengre tidsrom: lagre det du held på med, og helst logg deg av citrix!