Sist endret: 12.05.2017

Avviksmeldeskjema -HMS til nedlasting

Vi har no lagt ut avviksmeldeskjemaet som skal nyttast i samanheng med HMS også i word. Du kan laste det ned og fylle det ut via pc'en. Det gjer ting enklare for dei som likar best å skrive på pc, men sikrar og at mottakar forstår det som er skrive.

Her finn du lenka til intranettsida om avvik, og der finn du informasjon om korleis du går fram når du melder avvik, kven som skal ha avviksmeldinga, og lenke til skjemaet.

Vi minner om at alle tilsette har ansvar for å rapportere avvik. Avdelingsleiarane har ansvar for handsaming av avviksmeldinga. Avviket skal snarast råd bli rapportert til overordna, det vil seie næraste leiar. Skjema for avviksmelding skal fyllast ut, kopi skal alltid sendast AMU ved Rådmann og hovudverneombod.