Sist endret: 15.05.2017

Melding frå Aspit om datavirus

Det har frå fredag og gjennom helga vore mykje omtale i media av eit virusutbrot verda over. Til no har vi ikkje nokre indikasjonar på at kommunen er ramma så langt.
Vi ber allikevel kvar einskild om å vere ekstra merksame på innkommande e-post og at ein tenkjer seg godt om før ein opnar vedlegg eller lenker i e-post, spesielt dersom e-posten er komen «uanmeldt».