Sist endret: 16.08.2017

Sjuk i ferien -erstatningsferie

Håpar de alle har hatt ein god og avslappande sommarferie og er klare til dyst att!
Erfaringsmessig dukkar det som regel opp ein del spørsmål etter ferien, mellom anna i samband med at ein tilsett har vore sjuk i ferien og rettar rundt erstatningsferie som fylgje av dette.

For det fyrste er det eit krav at den sjuke må ha vore sjukemeldt 100 % av ein med sjukemeldingskompetanse. Eigenmelding er ikkje relevant her. Det er legen sin medisinske vurdering som er retningsgivande i slike saker.

I mange tilfeller er det klare grunnar til at den sjuke skal ha ferien til gode, mens det i andre tilfeller blir vurdert at vedkomande kunne avvikle ferien trass i sjukdomen. Når den tilsette har vore innlagt på sjukehus er det openbart at ferie ikkje har vorte avvikla, men utover dette er det mange gråsoner. Det beste er dersom den tilsette og legen har snakka om dette spørsmålet under konsultasjonen. Dersom det ikkje er gjort, må leiar kunne be den tilsette om å ta ein sjekk med legen sin, eventuelt avtale med arbeidstakar at leiar ringer legen om dette.  

Ein tilsett som kan få ferien erstatta skal, jamfør Ferielova, framsette krav om erstatningsferie utan ugrunna opphald fyrste dag etter ferien.

Personar som var sjukemelde før avtalt ferie og i ferieperioden, må sette fram krav om erstatningsferie før ferien.  

Det er også viktig at de begynner å planlegge avvikklinga av restferien for året, slik at de kjem i mål med all ferie innan nyttår.  

Ta kontakt dersom de har spørsmål om dette eller andre ting, og sjå elles vedlagde skriv om ferie.  

Du finn meir informasjon om ferie og sjukemelding i Rutine for ferie

Med venleg helsing Ingeborg Nenseter Jensen, personalsjef