Sist endret: 02.10.2017Kontaktavdeling: Økonomiavdeling Kontaktperson: Carine Sveinsson

Timelister og reiserekningar

Vi ynskjer at alle skal få rett løn utbetalt på lønninigsdagen. For at det skal skje må timelister og reiserekningar vere mottekne på økonomiavdelinga slik at det er nok tid til å føre dei for lønskøyringa. Vi ber difor om at timelister og reiserekningar kjem til økonomiavdelinga fortløpande i løpet av heile månaden. Siste frist for å levere timelister og reiserekningar til økonomiavdelinga er seinast den 5. i kvar månad innan kl 10.00.

Økonomiavdelinga har laga eit informasjonsskriv om korleis timelister og reiserekningar må sjå ut.

Vi ber avdelingsleiarane om å hjelpe til med å få denne informasjonen ut. Du kan lese heile informasjonsskrivet her.