Sist endret: 12.01.2018

Tinging av mat til møte

Frå no av skal alle avdelingar bestille mat til møte og andre arrangement via kjøkenet på Dyrsku'n. Dei ser helst at maten blir tinga 1 veke før møtet skal vere fordi dei må kjøpe inn matvarer ut frå bestillingslista. Dei kan levere til møtestaden så godt det let seg gjere, men det kan vere situasjonar der vi må hente sjølv.

For avdelingar utanfor kommunehuset: Ring Dyrsku'n på tlf. 90 13 57 12, ansvarleg er Anette Øverbø.

For tilsette på kommunehuset, send melding til post@seljord.kommune.no med tal på personar, dato og klokkeslett for møtet, ansvar/teneste og korleis maten skal bringast, ev. hentast + klokkeslett for det.

For alle:
Hugs å seie frå om behov for spesialkost, matallergi, cøliako o.l.

Skulle ikkje Dyrsku'n klare å levere på grunn av for kort frist eller anna, så kan vi inn til vidare bestille via Sjøormkroa.