Sist endret: 16.01.2018Kontaktavdeling: Administrasjon Kontaktperson: Ingeborg Nenseter Jensen

Informasjonsmøte med KLP 8.2.18.

Velkommen til informasjonsmøte med våre kontaktpersonar i KLP, gamlesalen på Granvin 8. februar kl.9.00.
Møtet er om moglegheiter, rettar og plikter rundt pensjon, og vil vere særleg relevant for dei i alderen 55+.

Det vil fyrst bli 1 til 1,5 times fellesinformasjon og deretter moglegheit til individuell rettleiing.
Vi set opp liste med namn og tider for 20 - 30 minuttars samtale med ein rådgjevar frå KLP.

Dei som alt mottar ei yting frå KLP må ta med seg ei serviceberekning frå NAV, dei som ikkje mottar noko frå KLP i dag, treng ikkje det.  


Meld dykk på for rettleiing og send inn avdelingsvis til Ingeborg på mailadressa: ingeborg.nenseter@seljord.kommune.no  innan 1.2.18.


Hugs å seie frå dersom du alt mottar ei gradert yting, slik at du kjem til rett rådgjevar. Om du har særskilde ynskje for tidspunkt, er det fint om du seier frå om det, så skal vi prøve å ta omsyn til dette.    


Vel møtt!    


Med venleg helsing Ingeborg Nenseter Jensen
Organisasjons- og personalsjef Seljord kommune
Tlf. 350 65 130